At grønkål er svært sunt er det ingen som kan motseie. Kålet toler godt varmebehandling, men kan også brukast rått i salat. Kyllingsalat med grønnkål er mettande og proppfull av næring og eignar seg godt som middag! Den kraftige kålsmaken har m.a. fått selskap av søt og mjuk melon, rødbete, gulrot og kylling. Om du treng å lage salaten i ein fei, så kan du godt kjøpe Bama sin ferdige grønnkålmix. Der finn du grønnkål, kvitkål, rødkål, rødbete og gulrot. Om du vil lage salaten utan å bruke posesalat, så kjøper du dei ingrediensane du treng.
Dette treng du:
Bama grønnkålmix
(eller grønnkål, rå rødbete, gulrot, kvitkål og rødkål)
Agurk
Honningmelon
Purreløk (bruk av den grøne delen)
Paprika
Blanding av nøtter og kjerner
(peanøtter, graskarkjerner og solsikkekjerner – usalta)
Steikt kyllingfilet (ein per person), i bitar
______________________________________
Legg alt i ein bolle (unntatt kylling, nøtter og kjerner). Bland godt. Bland ein dressing av rapsolje, balsamicoeddik/balsamicosirup, Dijonsennep, peppar og finraspa kvitløk – her tek eg ingrediensar på eim slump, så det vart vanskeleg med eksakt oppskrift! Slå dette over salaten og bland godt.
Anrett på tallerken, strø over nøtter og kjerner. Legg kyllingen på til slutt. Risle litt balsamicosirup over kyllingen rett før servering.
Denne salaten er proppfull av alt som er bra for kroppen. Visste du at det er det grøne på purreløken som er rikast på næring? Det grøne på purren er ein god kombinasjon med det kraftige grønkålet. Den søte melonen mjukar opp det totale smaksbiletet.
Om du et salaten til kvardags, er vatn det beste følget i glaset. Om du skal kose deg med salaten ein laurdagskveld eller i gode venners lag, så kan eg anbefale ein Siciliansk vin; Barone Montalto Nero d’Avola Collezione di Famiglia. Denne vinen har aroma med preg av mørke bær og tørka frukt, med streif av vanilje og sevje. Smaksmessig vil du kjenne at den er mjuk og litt søt i stilen, med preg av mørke bær og tørka frukt (kjelde: vinmonopolet.no). Den litt mørke og kraftige smaken passar godt til dei mørke grønnsakene i salaten.
Vel bekomme!
The post Kyllingsalat med grønnkål appeared first on På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål.